tirsdag 27. september 2011

Updates!

Sjølv om innlegga kanskje ikkje har vore så mange, betyr det ikkje at det ikkje skjer noko her på Skogn. Tvert imot! Dei siste to vekene har vore begivenhetsrike, og me har knapt hatt ei ledig stund til å oppdatere bloggen! (det siste der var litt løgn, mest ein dårlig unnskyldning... menmen!)

Me har begge hatt vår første andakt, eg (=Siri) på "ungdomsklubben" (4.-7. klasse), og Eirill på søndagsskulen.Vi har også hatt vårt første jobb-relaterte besøk i leiligheten (styremøte med UFO-Acta) og ser fram til mange fleir! Ellers har me deltatt på dei faste aktivitetane våre; Intro-Ungdomskurs,  familiekor, planlegging- og veiledningsmøter, og storsamling på søndag.

I leiligheten har vi fått både støvsuger og printer, så no begynner ting å komme på stell.

Her kjem bilete frå nokre av dei overståtte høgdepunktene (i leiligheten, vel å merke):
Per Erik og Birgitte på søndagsbesøk
I annledning veninnebesøk fra Norhordland, stod det heimelaga komle m/ tilbehør på menyen

Eirill har kjøpt seg treningsball. Og sjølv om pumpa slutta å virke, veit ho råd!




Ellers har vi det berre bra, sjølv om høstværet (og temperaturen) har gjort sitt inntog i Trøndelag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar