lørdag 27. august 2011

Vi er i gang!

Ja, no har me flytta te Skogn! Ein vakker plass, langt meir naturskjønn enn namnet kanskje skulle tilsei. Den kanskje almenne tanken om at skogn = skog'n= skogen er nemleg langt frå treffande; Naturen er stortsett prega av åpne, langstragte kornåkrar og fra leiligheten kan me tilogmed skimte Trondheimsfjorden i det fjerne.

Leiligheten! Me bur midt i sentrum av Skogn. Og den kanskje allemenne tanken om at sentrum av Skogn neppe er særleg sentralt, er i grunn endå mindre treffande! Berre frå leiligheten kan me skimte to daglegvarebutikkar, ein frisør, ein blomebutikk, togstasjonen, Fokus-bygget (arbeidsplassen vår som eigentleg er sjult bak nokre tre, men eg tar den med sidan den ligg så nært),  Fysioterapeut, ein antikvitetshandlar og eit nedlagt slakteri (der me har gjort mistenkelige observasjonar på nattestid. observasjonane inkluderte kniv). Men alt i alt har me det ganske så greit!



TV-kroken! eit par endringar (ny TV, suroundanlegg ++) har blitt gjort sidan dette.

vårt første måltid saman! (Legg merke til andaktsboka; vår faste morgonfølgesvenn)

Eirill har blitt stor jente og gått til innkjøp av sin aller første dokost!


I løp av den første veka vår her (eg kom fredag 12. og Eirill tirsdag 16.) har me allerede rukket å helse på ganske mange! Me har vore på to middagsbesøk, blitt bedre kjent med nokre av ungdommane på Fokus, og blitt presentert på opningsfesten deira. I forbindelse med sistnemnde vart me lodda ut til medlemmene, og kan dermed glede oss til både fjøs-besøk, middager og lefsebaking. Me gledar oss til å bli kjent med folk,og alle er kjempehyggelige, så dette blir bra!


For augneblinken befinn me oss i Grimstad, der den første veka på TT-linja er vel overstått! I går var me på Team-building, og saman med Israelsjentene Synnøve og Cecilie og vaktmesterassistent Martin var team-spirit på topp sjølv om regn-nivået også nådde nye høgder!
Vi slo til,  og toppa heile.... eh ja!
To be continued...