fredag 28. oktober 2011

We're Back!

DÅ er me endeleg komt tilbake til Skogn etter éi veke ferie (halvanna for Eirill sin del), gjensynshelg for BiG-kullet 10/11, etterfulgt av ei fantastisk kjekk TT-veke! Me har virkelig hatt nåken gode og lærerike (om enn ikkje særleg avslappande) veker litt rundt om i landet, og ser no fram til neste etappe med arbeid!

Klokka er mykje og imorgon er det tidlig opp for å reise til Sverige på leir med Intro-Ungdomskurs (ein del av trosopplæringa), så meir utførlig blogg-innlegg kjem etterkvart ;)

Until then...! ^^,

tirsdag 4. oktober 2011

Den Store Familiehelga!

Denne helga har det verkeleg vore tid for familiesamankomstar! Fredag reiste eg og Eirill (saman med Svanhild, som har vore på besøk) til Stjørdal, der (nesten) heile familien Mundal var samla i forbindelse med Åshild (søstera til Eirill) sin CD-slepp! På kvelden var det releasekonsert, og etter eit halvanna timers musikalsk eventyr på Sognamaol, kan me på det sterkaste anbefale denne CD en. (altså "Fritt Fall" med Åshild Mundal!)
Fritt Fall. Berre seie da...! 

Eirill og Svanhild tilbrakte resten av helga i det koslige (dog litt i minste laget for 10 personar) huset, og gjorde alt og ingenting! (Eigentleg mest ingenting).

Grytidleg laurdags morgon (ca i 11-tida) drog eg (Siri) avgårde til flyplassen for å vende nasa sørvestover! Der reiste eg først heim og møtte fire flotte frittgående frøkner frå Fedje (aka mine veninner. -->To av dei har iallefall fjern slekt der)! Så var det familietid med pizza og overnatting hos Håvard og Lena (bror/svigerinne), kakepynting hos Anne Marta (søster), og eit sjølvplanlagt overraskelsesbursdagsbesøk for mamma, saman med resten av familien!
Illusrasjonsfoto av "heime". Eg bur/budde i huset til venstre ;)

No har me begge kome oss vel heim igjen til leiligheten, og er veldig klar for nok ein etappe her i Skogn!


Snipp og snapp og snute for denne gang!