mandag 12. september 2011

Den aller første ordentlige veka!

No er me offisielt i gang her på Skogn, og den foregåande veka har vore spanande! Det heile starta søndag kveld, då vår personlige engel (aka Svanhild) dukka overraskande opp på flyplassen og redda to utslitte og overtrøtte jenter fra å måtte vente halvanna time til neste tog! Ho kjørte oss direkte til Skogn, der ho også var tilstedeværande med sitt gode smil og ferdige middagar heilt fram til torsdag!

Svanhild på besøk =)
På mandag var me igang med vår første arbeidsdag, som starta med eit alpha-kurs for fjorårskonfirmantane. Grunna noko vagt oppmøte (ca 0) endte det opp med å bli eit planleggingsmøte istaden! (Heldigvis avslørte nøyare research at årsaken til fraværet var ein skuletur til Levanger, så me startar på ny frisk idag!) På kvelden var det Yngstes (3-8 år) og planlegging av ungdomsklubb (4.-7. kl). Ellers denne veka har me vore med på konfirmantsamling, ufo-Acta ( 8. kl +) og seinast i går hadde me vår piano- og sangdebut på kveldssamling på Fokusbygget. Utan om dette, har me stort sett brukt arbeidstida vår på å organisere papir i ny-innkjøpte permar!

Fredag var det helgefri og utflukt-dag, så vi reiste inn til Levanger for å kjøpe oss litt nødvendig rekvisita og for å stemme! Etter vel overstått bykjøring (Siri+Frida+by= ?), parkering uten servo og ein stk parkeringsbillett betalt utelukkende med kronestykker, fann me endelig rådhuset og fekk sendt stemmene våre til riktig landsdel. Misjonsansatte som vi er, gjekk vi deretter vidare for å finne kyrkjekontoret. Det skulle vise seg å ligge i fjerde etasje i samme bygning! Denne ekspedisjonen resulterte i eit nært bekjennskap til ein stk ødelagt heis, ein lang trappeoppgang, samtlige ergoterapeut- psykiatri- og legekontor i Levanger, og eit par tvilsomme korridorer vi nok neppe vil besøke igjen. Beklageligvis var forhåndstemmingen stengt ein halvtime før me nådde målet, så det vart intet kirkevalg på oss denne gang. Nedturen døyvdes litt med ein halv vaffel fra vel overstått babysang og et besøk på det lokale biblioteket rett over veien.

Vi har fått oss postkasse!! Spørsmål om adresse o.l. kan no sendast til Åsvegen 15, 7620 Skogn ;)


Ellers i leiligheten har det skjedd få endringar, med unntak av at fryseren begynner å fylles av kålrabistapp, blomkålsuppe, heimelaga wok-blanding og ellers litt diverse, etter ein overdådig grønsak-med-dip-fest på tirsdag!

Over og ut for no!


pga mangel på intressante bilder: Frysen vår!

   

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar