tirsdag 13. desember 2011

Luciadagen på Skogn: -Svart senker natten seg!

Så sant som det er sagt! og det er ikkje berre  natta som er svart, men både ettermiddag og formiddag (iallefall i vår tolkning av "før middag") begynner å bli temmelig mørke her i nord! Så for å lyse opp ein mørk kvardag, bestemte me oss rett og slett for å finne fram stearinlysa og ta oss ein aldri så liten rundtur til kjente og kjære her på Skogn (dvs: dei me veit kor bur og tok sjansen på å kjøre til på snødekte veier og nullføre)!  Så me brukte formiddagen på å bake ei korg full av lussekatter, og leite fram det me hadde av kvite klær og glitter, slik at me vart passande kledd for anledningen! Då klokka slo 18.00 var me på plass i bilen med både katter, lys og provisorisk glorie laga av aliminiumsfolie.

Eirill er klar til dyst!


Turen starta relativt greit, og me fekk sunget Luciasangen og delt ut både ein og to og fleire lussekatter! Noko av sangen gjekk tilogmed på liveoverføring på mobil, og ved ein annledning endte me opp som underholdningsinnslag midt i eit bursdagsselskap!

Så var det at me fekk eit stalltips om nokre kjentsfolk som tilfeldigvis budde "rett igjenom skogen"! Etter litt om og men, fekk me tilogmed guida eskorte det heile halvanna minuttet det gjekk å traske på den snødekte stien gjennom skogen, og fekk peikt ut riktig hus. Med friskt mot takka me for hjelpa, og sendte det hjelpsomme bursdagsbarnet/mannen tilbake til selskapet sitt!

Problema starta først når me skulle finne stien tilbake til det forige huset, der bilen naturlig nok var parkert. For den lille skogen som par minutt tidligere syntes latterlig liten, var plutselig blitt både større og mørkere enn vi kunne huske! Og stien me hadde gått i hadde då vitterlig ikkje bratte (og btw ganske glatte!) bakker, så kor dei plutselig kom fra kunne verken eg eller Eirill fatte! Ikkje kunne me på dette tidspunktet fatte kvifor me begge hadde lagt igjen både jakke og mobiltelefon i bilen heller!

Illustrasjonsforo av sikten vår innen i skogen!

Då me hadde gått langt og lenger enn langt, fann me endeleg ein veg og nokre hus! Det var det positive! Det litt mindre positive var at me var utkledd som Lucia-er, og ikkje ante kvar me var, kva veg me hadde funnet, og endå mindre kva retning me skulle gå for å finne igjen stakkars Frida (Frida= bilen, red. anm.)! Så me endte med å vandre gatelangs litt hist og her og gjette på kor me opprinnelig var komt fra. Eg (Siri) var overbevist om at me var på veg i feil retning, men sidan Eirill tross alt hadde beslaglagt kurven med forsyningene (dvs lussekattene), var det ikkje anna å gjere enn å følge på. Uten å egentlig ha peilig på kor me var, kvar me skulle, eller kva som eigentlig er meiniga med livet, karra me oss tilslutt opp ein snøtung bakke i hagen til eit tilfeldig hus (med fungerende vakthund!) i håp om å i det minste nærme oss målet. Då sto lykken oss endelig bi, og me klarte utrulig nok å skimte Frida langs den -no riktige- gata! I henhold til Siri sin totalt fraværande rettningssans, viste det sjølvsagt seg at den vegen me (=Eirill) hadde valt var den einaste riktige! Kalde og forkomne fekk me satt oss inn, og kunne endelig varme oss på setevarme og det delvis deffekte viftesystemet til vår kjære Frida!

Dagens ordtak: Den som med lussekatter og lys leiter etter bil i skogen, skal finne!

2 kommentarer:

  1. Haha, dere er utrolig skjønne!!

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett