torsdag 23. februar 2012

Kva har skjedd i Februar!?

Februar har på mange måter vore ein litt hektisk månad, med mykje på programmet! I tillegg til alle dei faste aktivitetene, har me nemlig fått vere med på ein god del! her er ein liten oppsummering: (Har desverre ikkje kameraet med heim, så det blir utan bilder denne gangen!)





- Impuls: 3.-5. februar var det klart for Impuls! Me reiste med ein herlig gjeng på rundt 20 stk fra Skogn og Levanger. Det var ei konge helg med bra lovsang, gode møter og ein god del henging på standen til BiG og Return to sender. Det eineste ikkje så positive, var at Eirill pådrog seg spysjuka, og vart liggande i tre dager!

-Besøk: Etter Impuls kom Cecilie og Synnøve på besøk til oss (eller meg(Siri), sidan Eirill framleis var hos søstera si med spysjuke). Då naut vi fruktene av besøket deira på Nidar Fabrikkutsalg, besøkte tidenens (!) kafe "Kanelstua" i Levanger, og hadde Lørdagskveld (m/ pizza og godsaker) på ein tirsdag

-Familiehelg: Helga etter vart det to-tre timers kjøring på vinterføre til Søvasslia, som er ein leirstad sørvest for Trondheim. Der hadde me for det meste ansvar for litt opplegg for ungdommene, og som vanleg når dei er involvert, var det kjempekjekt!! Ellers var det også gøy å sjå heile familiene samla, og i løp av helga trur eg me klarte å plasere dei siste ungane med riktig navn, og i riktig familie ( Er ikkje alltid like lett å kombinere når me som oftast møter dei kvar for seg.. )

-Filmkveld: Sidan det ikkje berre er bra ungdommar i Skogn, men også veldig mange kjekke ungar, inviterte me 4.-7. klasse på filmkveld i leiligheten. Det var pizza, popcorn,102 dalmatinere, og etterpå fekk me ein alternativ privatkonsert, der samtlige instrument me har vart tatt i bruk (piano, gitar, blokkfløyte og rytme-egg + sang). Herlig gjeng!!!

-Bibelgruppe: Dette er noko heilt nytt som me prøver å dra i gang! Me inviterte dei på Ufo-Acta og dei på Hjemme hos til Fokus, og var sammen i rundt to timar, først litt i plenum, så i samtalegrupper. Vi satser på å samlast minst ein gang i månaden fram mot sommaren, og skal (etter avstemning) ta opp tema som "alkohol", "sex og sånn", "Gud i vår verden", "Apologetikk" m.m. Samtidig har me fått nokre av dei eldste med som hjelpeledere, og planen er at dei skal kunne ta meir eller mindre over etter kvart. Spennande saker!


Så bar det heim på vinterferie! Det har blitt heimekos, henging med venner, og for min (Siri) del Jussforelesning(!), for ikkje å snakke om utålmodig og (foreløpig) resultatlaus venting på å bli tante.. ;P

No ber da snart nordover igjen, sjølv om også mars månad blir noko stykka opp av studietur til London 8.-12.(for Siri) og TT-veke 12.-19.!

Tjo og hei^^,

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar